
Om
Fiskestamma i Tokkeåi og Bandak er over 10000 år gamal. Ein storaure frå Bandak er typisk fra 15-25 år gammel og kan vege over 15 kg. Fiskekortet gjeld for sone 1 og sone 2
Området ligg i Telemark fylke. Bandak og Tokkeåi ligg i Tokke kommune. Tokkeåi renn ut i Bandakdeltaet som er den vestlege delen av Bandak.
Den vestlege delen av Bandak er omgjeven av stupbratte fjell, som ragar opp mot 1000 moh. Landskapet flatar meire ut etter som du kjem lenger øst mot Kviteseidvatnet og Flåvatn.
Fiskereglar
Av omsyn til storaurestamma er det ikkje lov å avlive fisk i storleiken 0-25 cm over 35 cm i sone 1 Tokkeåi og Bandakdeltaet. Dette er fisk som rekruterar storaurestamma og må difor sleppast ut att. Hugs krokar utan mothakar.
For meire utfyllande informasjon visast det til utfyllende fiskereglar for Tokkeåi og Bandak som du finn på fishspot.no
Fiskekortet gjeld for både sone 1 og sone 2.
Fiskekort får du kjøpt på fishspot.no
Urauren i Bandak og Tokkeåi
Når havet sto på sitt høgste etter siste istid for 10500 år sidan, vandra dei fyrste sjøaurane inn i Telemarksfjorden. Fjordarmen strakte seg frå kysten og heilt inn til Dalen i Tokke på denne tid. Etter nokre tusen år smelta innlandsbreane og landet heva seg. Sjøauren vart dermed innestengd i det me i dag kallar Vestvatna (Bandak, Kviteseidvatnet og Flåvatn)
Det er dette som er grunnlaget til denne unike storaurestamma i Bandak. På 1800 talet var Tokkeåi kjent for sitt gode fiske utover heile Europa. Det er skjedd mange endringar i vassdraget sidan den gong. Det er no sett i gang eit større arbeid med å få storaurestamma attende til historisk nivå. Dette arbeidet kan fylgjast på nettsida bandakkanalen.no
Generelt
Tokkeåi tilhøyrer Tokke-Vinje vassdraget, Bandak er den øvste delen av Telemarkskanalen. Nedslagsfeltet til vassdraget dekker store delar av Hardangervidda. Bandak (72moh) er ein av dei største innsjøane i Telemark med sine 26,40 km2. Største målte djubde er ca. 340 m og er dermed ein av Noregs djupaste innsjøar.
I Bandak fins det aure, sik, røye, abbor, ål, bekkeniøye og trepigga stingsild. Auren i Bandak og Tokkeåi kan bli over 15 kg. Største dokumentera aure som er fanga på stong i Tokkeåi er 11,6 kg (2004). Største dokumentera aure som er fanga i Bandakdeltaet er 15,6 kg/100cm (2003). Under gytinga i 2011 vart det filma og dokumentert fisk på over 15 kg i Tokkeåi.
Vanleg fangststørrelse i Tokkeåi og Bandakdeltaet i sommarsesongen er aure frå 250 g-1,5 kg. Storaurestamma i Bandak utmerkjer seg med ein ekstrem k-faktor. Enkelte eksemplar er målte til over 2,0. Storauren oppnår denne kondisjonen etter mangeårig beiting på sik i Bandak. Nyare forsking har vist at Bandakauren kan oppnå ein særs høg alder samtidig med å ha ein uthaldane vekst.
Sjå bandakkanalen.no for meir info.
Gode fisketips
Vår- og forsommarfiske er eit spanande fiske i Tokkeåi. Gytevandringa til bekkeniauga er i gang på denne tid. Auren fylgjer denne vandringa opp i Tokkeåi og beitar på bekkeniauga. Auren er i matmodus og tek villig vekk kunstig agn av forskjellige variantar.
Haustfiske i Tokkeåi og Bandakdeltaet er på denne tid særs spanande. Bandaks gytande gigantar er på vandring til gytefelta i Tokkeåi. Å lure ein ekte storaure frå Bandak er langt ifrå lett. Storauren i Bandak er særs sky og det krevast mykje kløkt for å greie å lure den til å ta kunstig agn.
Fiske i Tokkeåi og Bandak
Location
Facilities
Aktiviteter
- Fiske i elv
- Fiske i vann
- Fiskekort
- Fjellvandring
- Skogstur
- Spasertur
Dyr/fiske slag
- ørret
Natur og terreng
- Elv
- Fjell
- Myr
- Skog
- Vann
Practical information
- Fiske
- Elvefiske
- Ørretfiske
- Innsjøfiske
Organizer
Hotellvegen 16, 3880 Dalen
59.58188095567466, 8.535365846655854
Nearby events

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Til minne om folkekunstlegenda Hølje Gonge - Med Knut Buen og Ragnar Haugstøl
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

«Akkurat her, akkurat no!» Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ull- og lindag og smiing på museet i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Nearby activities

Familieferie i Langesund
3970 Langesund

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Historiske Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen
Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Kano - og kajakkutleige på Dalen
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg
3880 Dalen
Ti-toppers Tokke
Hotellvegen 16, 3880 Dalen

Visit Dalen - Dalen Turistkontor
Aasmund Nordgaards veg 1, 3880 Dalen

Fiske i Mosvatn og Bessevatn
Hotellvegen 16, 3880 Dalen

Rui-plassen
3880 Dalen

Bufjordstigen på Dalen
Dalen Bryggje, 3880 Dalen

Dalen Gjestehavn
Storvegen 8, 3880 Dalen














