Om

I 1927 var Henrik Sørensen på leit etter ein fast arbeidsstad i Telemark. Ein kveld kom han med bussen frå Dalen til Vinjesvingen. Her trefte han Olav N. Negarden for fyrste gong og fekk losji på garden hans. Dette blei starten på ein livslang venskap. I 34 år vende Sørensen attende til Smørklepp og Noristog Negarden, der han etter kvart fekk innreidd eldhuset til atelier. Frå tunet på Negarden kunne Sørensen sjå yndlingsmotivet sitt, fjellet Ånundskarnuten.

Det eksisterer mange fotografi av Henrik Sørensen sine år i Smørklepp i Vinje. Desse bileta er utgangspunkt for ei utstilling ved Smørklepp kunstmuseum – Sørensen og Kihle, tidlegare Vinje Biletgalleri. Den er å sjå i Sørensenhytta som ligg rett ved galleribygget.

Hytta er nyoppussa og inneheld i tillegg til utstillinga eit rom med nokre av dei gamle møblene og gjenstandane som fulgte med då hytta blei flytta hit frå Kyddingsmo i 2004. Henrik Sørensen kjøpte hytta i 1951, då var den drengestoge på Mo prestegard. Etter soga skal Torbjørg Ripilen – som song Draumkvedet for Moltke Moe i 1890 – ha budd i denne stoga når ho oppheld seg på prestegarden.

Utstillinga er å sjå i museets opningstider. 

Sesong: 25. juni – 15. august.