
Lårdalstigen
Lårdalstigen er ein fantastisk tursti mellom Dalen og Lårdal i Telemark. Mykje av turen går framme på fjellkanten 800 meter over Telemarkskanalen.
Om
Lårdalstigen er ein fantastisk tur med spektakulære utsiktspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.
Den innerste delen av Telemarkskanalen er omkransa av bratte og ville fjell. Langs fjellbrynet frå Dalen til Lårdal, har ein gjeng med eldsjeler i Lårdal rydda ein turveg som byr på mange spektakulære og spennande opplevingar. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen. Langs denne ruta er det også ein flott flora og geologien er helt spesiell. Her kan du helse på segnfigurane "Risen og Gygri", som stend i stein frampå kanten av fjellet, eller betrakte Bandaksfjorden djupt under deg gjennom det storslegne Møyskrivet. Gløstøylnuten er høgste toppen på turen med sine 848 moh. Utsikten over fjorden og fjelli ikring er både vidt, vilt og vakkert. Kanskje får du også auge på fiskeørna?
Kor startar turen?
Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er også sjølvsagt mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg.
Skal me komme med ei anbefaling, er det ei finare turoppleving å starte på Dalen og gå til Lårdal. Planlegg turen og start tidleg om morgonen (kl. 08-09), så rekk du ettermiddagsbåten fint! Du må rekne ein 7-8 timar på turen (minumum 6 timar). Parker bilen din på bryggjeområdet på Dalen (langtidsparkering på motsett side av bobilparkeringa), her kan du stå gratis. Ring Tokke Taxi på tlf. 909 71 909 som køyrer deg opp til startpunktet i Eidsborgberget (4 km) til ein fastpris.
Den totale lengda å gå heile Lårdalstigen er 14 km. Ein lang dagstur, eller du kan ta med teltet eller hengekøya og gjere det til en 2 dagars tur. Det er også en lita hytte undervegs, Heddebu, den ligg rett før du startar på det siste, brattaste partiet ned mot Lårdal. Heddebu er open for turgåarar, med sengeplass til 2 personar (drop-in). Skriv deg gjerne inn i gjesteboka her!
Lårdalstigen er blitt utruleg populær, det syns me er veldig stas! Båtane opplever stor pågang i sesongen, og difor kan det vere greit å vite at ein også kan ta morgonbåten ut frå Dalen til Lårdal og starte turen i Lårdal. Me vil at flest mogleg skal få oppleve turen og transportere dykk dit de skal!
Båtreisa på ein av dei gamle rutebåtane er ein vesentleg del av turopplevinga! Om det er tur eller retur, nyt turen frå dekk på M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Hugs å å bestille båtbilletten på førehand på booktelemark.no
Om båtane skulle vere fullbooka, eller det er utanom båtsesong, køyrer Tokke Taxi deg mellom Lårdal og Dalen til ein fastpris. Alternativt kan du sette ein bil i kvar ende om du har moglegheit til det. Kontakt oss gjerne for råd og tips.
Uansett kva for retning du vel, Lårdalstigen er ein krevande, men fantastisk tur! Langs turstien er det sett opp nye, flotte informasjonstavler som krydrar turopplevinga!
Ha med godt med drikke, god niste og tursnacks, og ha på gode tursko.
Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det servering og overnatting; Lårdal Marina og Bandak Camping. Ver mersam på at opningstider for servering – og overnattingstilbod kan variere vår- og haustsesong, sjekk gjerne med oss før du legg i veg slik at du er førebudd på kva som gjeld når du har planlagt turen.
Rundtur
Om du ikkje har høve til å gå heile turen, kan du parkere i Støylsdalen og gå ei rundløype på om lag 6 km om Gløstøylnuten (848 moh) og tilbake til start i Støylsdalen. Kontakt turistkontoret for meir informasjon.
Turfakta:
Lengde: 14 km éin veg
Tidsbruk: 6–8 timar ein veg
Gradering: Krevjande/ekspert
Høgaste punkt: Gløstøylnuten 848 moh.
Tilgjengeleg: mai–oktober (avhengig av ver-og føreforhold, sjekk med oss før du legg i veg!)
Turkart: Tokke 1 : 50 000 og Miniguide Lårdalstigen norsk/engelsk
Ha på vanntette tursko med gode solar, eller fjellsko, og ha med rikeleg med vatn (minst 2–3 liter på varme dagar). Det er ikkje lett å finne vatn langs stigen.
Kanalbåtane har fast anløp inn til Lårdal om ettermiddagen i høgsesong mai-august. Henrik Ibsen går frå Lårdal måndag, onsdag, fredag og sundag kl. 17.00 og Victoria går tysdag, torsdag og laurdag kl. 17.55.
Om du vel å ta morgonbåten ut frå Dalen til Lårdal, går Henrik Ibsen måndag, tysdag, torsdag og laurdag kl. 08.50 og Victoria onsdag, fredag og sundag kl. 08.00. Book båten på førehand
I lågsesong september – oktober er det kun M/S Henrik Ibsen som går i rute, sjekk rutetidene før du legg i veg, og book båten på førehand!
Nyttige telefonnummer:
Booking Telemarkskanalen: +47 409 20 000
Visit Dalen: +47 35 07 56 56 Kontakt oss og kom gjerne innom oss før du legg ut på tur! Her får du turbrosjyre og god turinfo. info@visitdalen.com
Tokke Taxi: +47 909 71 909
Ansvarsfull ferdsel for å bevare naturen
Når du beveger deg i naturen, er det avgjørende å praktisere ansvarlig ferdsel for å bevare og respektere det naturlige miljøet. Dette inkluderer å følge oppmerkede stier for å unngå skade på økosystemene, ta med deg søppel og respektere lokale regler og restriksjoner. Sørg for å unngå å forstyrre dyrelivet, og vær oppmerksom på eventuelle spesielle hensyn knyttet til verneområder. Ved å være ansvarsfull i dine utendørsaktiviteter, bidrar du til å opprettholde skjønnheten og bærekraften til naturen, slik at kommende generasjoner også kan nyte den.
Location
Facilities
Aktiviteter
- Båtturer
- Fjellvandring
- Fotturer
- Fritidsaktiviteter
- Turstier
Natur og terreng
- Bratt
- Fjell
Sesong
- Mai - oktober
Målgruppe
- Voksen
Varighet
- 8 timer
Gradering
- Ekspert
- Krevende
Adgang /Tillgang
- Turstier- merkede
Avstand
- Lengde i km
Practical information
- Vandring
Organizer
Eidsborgvegen 361A, 3880 Dalen
59.58188095567466, 8.535365846655854
Nearby events

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Til minne om folkekunstlegenda Hølje Gonge - Med Knut Buen og Ragnar Haugstøl
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

«Akkurat her, akkurat no!» Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ull- og lindag og smiing på museet i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Nearby activities

M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Telemarkskanalen Skipsselskap – M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Dalen Bryggjekafé
Storvegen 2, 3880 Dalen

Dalen Gjestehavn
Storvegen 8, 3880 Dalen

Bufjordstigen på Dalen
Dalen Bryggje, 3880 Dalen

Eidsborg stavkyrkje
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Inngangsbillett - Vest-Telemark Museum med Eidsborg stavkirke
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Historiske Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Familieferie i Langesund
3970 Langesund

Olav sin draum – ei akustisk utstilling om Draumkvedet
Museumsvegen 9, Høydalsmo, 3891 Høydalsmo



























