
Øyfjell bygdemuseum
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1931 har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.
Om
Øyfjell bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Mykje trearbeid finst her, mellom anna skåp og kister, og ikkje minst Noregs største ølhøne.
Museumsbygningen er svært spesiell. Reist i kila granitt og ferdigstilt i 1931 for å kunne stå til evig tid. Bygget er ei testamentarisk gåve til bygda av brørne Olav og Tarjei O. Trovatn. I perioden 1926-1928 var mange lokale krefter i sving med å leite fram og omarbeide stein, og frakte steinen til Mogen i Øyfjell. I testamentet sto det også at taket skulle dekkast med Vossa-skifer. I september 1931 møtte omlag 500 opp for å feire opninga av av den staselege museumsbygningen. Museet blei fylt med dei 171 gjenstandane som Trovatn-brørne hadde samla gjennom mange år.
Museet har vidare eit gardstun med våningshus, eldhus, låve, loft, høysel, kamar og badstoge. I 2022 opna eit nytt kafébygg på tunet.
Ei sentral oppgåve for musea er å ta vare på gjenstandar og historiene knytt til desse. Dei fleste gjenstandane høyrer dagleglivet til, dei kjem i «slik var det i gamle dagar»-kategorien. Andre gjenstandar er meir «magiske», desse har i seg i ei binding til ein særskild person eller hending.
Mostøylstoga
Mostøylstoga er ei stoge frå slutten av 1800-talet, og den viser brytningstida mellom den gamle bondekulturen og den nye tida. Interiør, fargar og tapetar viser tydeleg at du både er i Vest-Telemark, men òg at noko heilt anna er på veg inn – bymoten.
Arbeidshesten
I låven kan ein sjå gjenstandar og bilete knytt til arbeidshesten si rolle i livet på ein gard. Hesten stod i ei særstilling, og var nærare folka – og då særleg mannen på garden – enn dei andre dyra. Den var den viktigaste arbeidshjelpa i skogen, på åkeren, i høyonna. Den skjussa folk til kyrkje i sorg og glede.
Nystog-samlinga
Frå garden Nystog i Mannås kjøpte Vinje kommune inn ei større samling. Den inneheld reiskap, husgeråd, klede og møblar skapt og samla gjennom generasjonar, er eit viktig dokument på handverk, folkekunst og folkekulturen. Samlinga er utstilt i andre høgda i museumsbygget.
Det er ny særutstilling på museet kvar sommar, og handverksaktivitetar kvar laurdag gjennom sesongen. Museet har ope laurdag og sundag i sommarsesongen.
presentation, powered by Office.
Location
Facilities
Generelle fasiliteter
- åpent utenom åpningstid, etter avtale
Museum, gallerier og kunsthåndtverk
- Omvisning etter avtale
- Omvisning i åpningstiden
Forretningstilbud
- Kunsthåndverk
- Suvenirer
Openings
Sesong
20. juni 2026 - 15. aug. 2026
mandag: Closed
tirsdag: Closed
onsdag: Closed
torsdag: Closed
fredag: Closed
lørdag: 11:00 - 17:00
søndag: 11:00 - 17:00
Public holiday: Closed
Practical information
- Museum
- Bygdemuseum
Organizer
Øyfjellvegen 809, 3890 Vinje
59.58188095567466, 8.535365846655854
Nearby events

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Til minne om folkekunstlegenda Hølje Gonge - Med Knut Buen og Ragnar Haugstøl
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

«Akkurat her, akkurat no!» Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ull- og lindag og smiing på museet i Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Nearby activities

Høydalsmo om vinteren
Høydalsmo, 3891 Høydalsmo

Lårdal Tretopphytter
Lårdal Tretopphytter Elvehytta - v/ Småbruket Tvigyva, Lårdalsvegen 527a, 3891 Høydalsmo

Lårdal Tretopphytter
Lårdalsvegen 521, 3891 Høydalsmo

Tretoppiglo ved Lårdalselva
Lårdalsvegen 521, 3891 Høydalsmo

Lårdal Gjestebrygge
Strandine 1, 3891 Høydalsmo
Champagne smaking med Belmonte
Austbø Hotell, N-3864 Rauland
Skihelg på Rauland
Austbø Hotell, N-3864 Rauland

Familiejulebord i Rauland
Austbø Hotell, N-3864 Rauland

Førjulstid og julemeny på Austbø Hotell i Rauland
Austbø Hotell, Rjukanvegen 195, 3864 Rauland

Romjulspakke 2025 i Rauland
Austbø Hotell, Rjukanvegen 195, 3864 Rauland

Midtuketilbud 2026 i Rauland
Austbø Hotell, Rjukanvegen 195, 3864 Rauland

Påskepakke 2026 i Rauland på Austbø Hotell
Rjukanvegen 195, 3864 Rauland



