Om

Opplev ekte Telemark-natur med Morgedal Aktiv! Med ein lokalkjent guide som deler både sanne og usanne historiar frå bygda, går vi til ein av toppane rundt Morgedal eller gjennom flotte skogsområde – alt etter snø- og vêrforhold. Turen er roleg, sosial og full av gode opplevingar.

Vi tek med kaffikjele og niste, og undervegs lagar vi bål og kosar oss med ein lun lunsj. Du vel sjølv om du vil gå på fjellski, toppturski, langrennski eller trugar. For dei som ønskjer ei heilt unik oppleving, kan vi òg stille med handlaga treski med moderne design og bindingar.

Turen passar for dei fleste med normal fysisk form og eit ønske om ei varm, humørfylt og uformell turoppleving i vinterfjellet. Dagen kan rundast av med spa og middag på Morgedal Hotell for dei som ønskjer det lille ekstra. Turar går kvar laurdag og sundag frå 15. januar, så lenge snøen ligg.