
Utsiktspunktet i Flatdal
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du utover Flatdal og inn i Skorveveggen.
Om
Ta deg tid, dette er ikkje ei transportetappe! Reisa gjennom Sogelandet i bygdelaga Hjartdal, Svartdal og Flatdal passar til eit tempo der du får sett og tatt inn over deg storslått natur og gamle kulturlandskap. I nutar, skogar, haugar og dalar finst det gygrer og troll, tussar og huldrer. Det seie i alle fall folk her. Segn og forteljingar knytt til landskap og stadnamn er ein viktig del av opplevinga her i bygdene. Dette landskapet har inspirert kunstnarar i generasjonar. Trollbindande natur og det vakre blå ljoset har leidd ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal.
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du utover Flatdal og inn i Skorveveggen. Den grøne dalbotn er ei elveslette, i enden ser du innsjøen Flatsjå. Busetjinga vart samla i Flatdalslandsbyen, der det ligg 10 gardstun og Flatdal kyrkje frå 1654. Slik løyste ein at nedste del av dalen ofte vart liggjande under vatn om det var flaum.
Det vesle utsiktsbygget som nå har kome her, rammar inn den vakre utsikten. Opplevinga av å gå ut på utstikkaren gjennom ei ramme som endrar seg frå liggande til ståande, synleggjer dramatikken i landskapet med den flate, grøne dalbotnen og den bratte, blå Skorveveggen på ein ny måte. På andre sida av vegen er det lagt til rette for parkering både med bil og sykkel, og eit lite toalettbygg har kome opp. På veggen der finn de kart og informasjon som viser sykkelruter og stoppestadar. Bekken som kjem ned frå berget bakom har fått eit mura utløp der trøtte syklistar kan bade føtar.
Location
Facilities
Generelle fasiliteter
- Parkeringsplass
Aktiviteter
- Sykkeltur
Sportsaktiviteter
- Sykkelruter
Adgang /Tillgang
- Fri adgang
- Fritt tilgjengelig
Symboler
- Toalett
Practical information
- Utsikter
- Fotospot
- Naturattraksjon
- Arkitektur
- Natur
- Moderne arkitektur
- Fjell
- Dal
- Utsikter
Organizer
Flatdalsvegen, 3841 Flatdal
59.58188095567466, 8.535365846655854
Nearby events

Kunstkurs på Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Vårmarknaden
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Countryfestivalen i Seljord 22.-26. juli
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Vikingdag med Osebergskipet Åsa!
Kviteseid bygdetun, Fjågesundvegen 12, 3850 Kviteseid

Yoga - klassisk hatha
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Straand Bilfinale 2026 - The Car event of the year
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

17 mai feiring på Straand Hotel
Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal

Straand Førerutvikling
Kviteseidvegen 1698, Fyresdal Flyplass / Straand Hotel, 3853 Vrådal
Julaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

St. Hans feiring på Sommerland
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Nyttårsaften
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal

Cars, Bikes & Coffee
Kviteseidvegen 1698, Straand Hotel, 3853 Vrådal
Nearby activities
Nutheim Gjestgiveri
Flatdalsvegen 937, 3841 Flatdal

Sogevegen om Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Nutheim Gjestgiveri
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

Galleri Nutheim
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal
Kulturlandskapssenteret i Telemark
Rogrendvn. 13, 3690 Hjartdal

Holm Landhandel
Holmsvegen 102, 3690 Hjartdal

Jol på Holm Landhandel

Julekonsert med Aasmund og Åsmund

Egderudfossen i Hjartdal
Holmsvegen 155, 3690 Hjartdal

Hanakamjuvet
Gulnesvegen, 3840 Seljord

Nordbø Gard og Stule
Hundemyrvegen 68, 3690 Hjartdal
Nordbø pensjonat
Hjartdalsvegen 762, 3690 Hjartdal







